Tinging av takst
Ved førespurnad eller tinging av takst er det viktig at du opplyser aktuelt gards- og bruksnummer, eller nøyaktig vegadresse og postnummer.
Namn, postadresse, e-post og telefon til rekvirenten er også ynskjeleg ved førespurnad.

Sjå også Aktuelle dokument under for liste over papirer som er aktuelle under synfaringa.

Mobiltelefon:   
911 79 789 - Stein Oddvar Hanto
E-post:
 
Bruk gjerne vårt kontaktskjema. Førespurnad/tinging av takst her er ikkje bindande.
Skjema kan også nyttast til andre førespurnadar/tenester.
 
Kontaktskjema:

Namn
Adresse
Postnr og poststad
Telefon
E-post
Takstobjekt type eigedom
Takstobjekt besøksadresse
Kommune
Gnr Bnr Snr Fnr
Melding (fritekst)

 Send kopi til mi epostadresse.

 
Aktuelle dokument
Ein takstrapport er eit verdidokument. Ein god og utfyllande takstrapport er avhengig av kunden/rekvirenten si aktive deltaking og informasjon om takstobjektet.
 
Dokument som er aktuelle når Takstingeniøren kjem på synfaring:
Målebrev (dokumentasjon på tomteareal og grenser)
Skøyte (tinglyst dokument som stadfestar eigedomsretten)
Situasjonskart (kartskisse som viser tomt og bygningar mv.) - fins også på nett
Teikningar av bygg (mål 1:100, gjerne arbeidsteikningar 1:50)
Dokumentasjon arbeider på våtrom
Samsvarserklæring el. arbeider / rapport frå tilsyn
Ferdigattest eller mellombels bruksløyve
Kvittering offentlege avgifter (renovasjon, feiing, vatn/avløp, eigedomskatt)
Forsikringspapir
Likningsverdi (formue - sjå siste års sjølvmelding)
Evt. kjøpekontrakt / leigekontrakter
Festekontrakt (gjeld ved festetomter) NB - skal leggjast fram!
Tidlegare takstrapportar (kan gje nyttig informasjon om tilstand/utbetringar mv.)
For eigarseksjonar også:
Fellesutgifter
Vedtekter
Årsmelding med rekneskap
Gjerne planteikning med seksjonen innteikna
For aksje- og burettslagsleilighetar også:
Opplysningar frå forretningsførar.
Fellesutgifter, gjeld/formue, vedtekter, årsmelding
For næringseigedom - ta kontakt med oss for nærare informasjon.
 
Kva dokument som er naudsynt under befaringa er noko avhengig av føremålet med taksten. Avhending utan hjelp av meklar vil krevja fleire opplysningar enn skifte mellom arvingar.
 
Våre prisar byggjer i utgangspunktet på at rekvirenten sjølv skaffar naudsynt dokumentasjon og har denne tilgjengeleg ved synfaringa.
Du kan også sjølv kontrollera eigedomsdata hjå Statens Kartverk - http://www.seeiendom.no/
Kontroll av Matrikkelen (eigedomsdata og heimelshavar) og Grunnbok (elektronisk utskrift) er inkludert i NITO Takst sine skjematur.
Kontroll av byggesak etter nærare avtale.

Ved takstformat Tilstandsrapport for bolig skal seljar si eigenerklæring vera utfylt og signert.
Dette skjemaet kan du laste ned her i filformat pdf - Egenerklæring.
Dersom dette skjemaet er utfylt hjå eigedomsmeklar må Takstingeniøren få tilgang til dokumentet.

Vossatakst Hanto AS
Skulestadvegen 126
5710 SKULESTADMO
Tlf: +47 911 79 789
Epost: post@vossatakst.no

        Rediger