Prisar og vilkår
Prisar på våre produkt og takseringstenester er avhengig av type takstobjekt, storleik på takstobjektet, type takstrapport og reiseavstand. Generell timepris er kr. 1050 + mva.

Prisliste takseringstenester

Alle prisar inkl. mva

Verditakst
Tilstandsrapport
med verdi
Andelsleilighet
6000
8000
Eigarseksjon leilighet
6000
8000
Einebustad normal storleik
6000
12000
Einebustad med utleigedel
7000
15000
Hytte/fritidseigedom
6000
9000
Verdivurdering for finansiering

4500
Øvrige tenester
be om pristilbod
Generell timepris 1050 + mva
1312,50

Prisar er rettleiande og gjeld område med inntil 30 minutt køyretid frå Vossevangen. Bompengar og ferge kan koma i tillegg.

Be gjerne om konkret pristilbod - telefon 911 79 789.

Alle prisar byggjer i utgangspunktet på at rekvirenten sjølv skaffar naudsynt dokumentasjon og har denne tilgjengeleg ved synfaringa. Sjå meir om dette i lenke Aktuelle dokument.
Du kan også sjølv kontrollera eigedomsdata hjå Statens Kartverk - www.seeiendom.no. Her kan du også lasta ned elektronisk utskrift av grunnboka.
Kontroll av matrikkelen (eigedomsdata og heimelshavar) og Grunnbok er inkludert i NITO Takst sine skjematur ved verditakst.
Kostnadar ved anna dokumentinnhenting kjem som tillegg - spesifisert og avtala på førehand.

Rutine ved rapportar - korrektur, tidsfristar og utskrift
Normalt skal ein kurant takstrapport frå oss vera klar 2-5 arbeidsdager etter synfaringa (avhengig av type rapport og omfang). Takstrapporten blir så sendt til rekvirenten via e-post (i praksis ei lenke til NITO Takst sin webserver).
Rekvirenten må snarast lesa grundig gjennom rapporten og sjå om det kan vera feil i faktaopplysningar. Vidare kan det vera andre punkt i rapporten som rekvirenten har spørsmål rundt eller ynskjer og drøfta med takstingeniøren.
Generell frist for slik tilbakemelding er sett til 7 kalenderdagar.
Takstrapportar blir levert elektronisk i filformatet .pdf. Vi kan også senda deg papirutskrift dersom du ynskjer dette og reknar oss då kr. 70,- + mva. for utskrift og porto.
 
Generelt er ein takstrapport gyldig i 6 mnd. Etter dette kan rapporten oppdaterast etter nærare avtale. Ved oppdatering av takstrapport utan ny befaring, blir det normalt fakturert 1 time.

Generelt om opplysningar
Takstingeniøren er avhengig av kunden/rekvirenten si aktive deltaking og informasjon om takstobjektet for å skriva ein god takstrapport.
Juridisk er samanhengen slik at rekvirent/eigar også er ansvarleg for opplysningane i takstrapporten, i den grad at takstingeniøren må byggja sin rapport på informasjon frå den som best kjenner takstobjektet.

Bruk av takstdokumentet
Ein takstrapport er eit fortruleg dokument som er rekvirenten sin private eigedom. Ofte har ein eigedom fleire eigarar (heimelshavarar) og rapportansvarleg takstingeniør må leggja til grunn at alle relevante eigedomsopplysningar blir framlagt av rekvirent og at denne har fullmakt til å opptre på vegne av alle eigarane.
Dersom rekvirenten ynskjer at takstdokumentet delast med medeigar, sendast vidare til meklar, låneinstitusjon eller andre, skal takstingeniøren henta inn skriftleg løyve til dette frå rekvirenten. Normalt kan slikt løyve gjevast ved melding i e-post.

Takstrapportar frå NITO Takst er påført QR-kode for å sikra mot misbruk og forfalsking. Enkel kontroll ved særskild lenke til originaldokumentet eller med skanning av QR-applikasjon i smarttelefonar og lesebrett.

Rapportar er gyldige under føresetnad av at fakturert honorar er betalt.
 
Betalingsvilkår
Avtala honorar blir fakturert via e-post med 10 dagar betalingsfrist rekna frå fakturadato.
Rekvirent er fakturamottakar og ansvarleg for rettidig oppgjer.
Ved for sein betaling reknar vi oss eit purregebyr på kr. 70,- og morarente.
Ved inkasso har vi avtale med AKROS INKASSO AS, 5224 Nesttun.

Prisar og vilkår sist oppdatert 12.10.2017

Vossatakst Hanto AS
Skulestadvegen 126
5710 SKULESTADMO
Tlf: +47 911 79 789
Epost: post@vossatakst.no

        Rediger